Breføring

Her hjå oss kan du bestille guida tur på Jostedalsbreen hjå Briksdal Breføring. Dette er ei unik oppleving, og når ein først er så nær tusenårs gammal is – kvifor ikkje ta seg ein liten spasertur på den?

Turen er på Bødalsbreen i Lodalen, og du kan oppleve ekte brevandring i vestlandsk natur. Heile turen tek 5-6 timar, derav ca. 3 timar inne på breen. Dette er ein middels vanskeleg tur. Bødalen med Bødalssætra og Bødalsbreen er ei naturperle inne i Jostedalsbreen Nasjonalpark. På veg inn til breen kan ein på godvêrsdagar sjå Lodalskåpa, den høgaste toppen på Jostedalsbreen (2083 moh.). Ta med drikke, mat, klede og sekk for ein halvdagstur. Gode kraftige fjellsko er ein fordel. Sko kan leigast hjå Briksdal Breføring.

Aldersgrensa er 12 år, men det er også moglegheiter for familietur med eigen førar.

Legg att eit svar