Kategoriarkiv: Uncategorized

Om Gryta Camping

Gryta Camping ligg flott til ved Oldevatnet i Oldedalen. Frå teltluka ser du rett på isbrear, tusenmeter høge fjell og frodig vestlandsnatur. Gryta er ein god stad å feriere på – her kan du slappe av og berre nyte å ha fri, langt unna hektiske kvardagar.

Campingen er også eit godt utgangspunkt for både store og små fjellturar. Det er fint å rusle langsmed vatnet å plukke markjordbær – eller du kan bestige ein eller fleire av dei mange fjelltoppane vi er omkransa av. Turkart og gode tips får du i resepsjonen. Berre 10 minutt unna ligg Briksdalsbreen, og vidare er det fint å ta seg dagsturar til både Olden, Stryn, Nordfjordeid, Måløy, Geiranger, Jølster og Førde – for shopping, opplevingar og Nordvestlandet på sitt vakraste.

Velkomne til gode feriedagar her hjå oss!