Nærare naturen kjem du ikkje!

Gryta Camping ligg flott til ved Oldevatnet i Oldedalen. Frå teltluka ser du rett på isbrear, tusenmeter høge fjell og frodig vestlandsnatur. Gryta er ein god stad å feriere på – her kan du slappe av og berre nyte å ha fri, langt unna hektiske kvardagar.

Ønsker du ein aktiv ferie og er glad i natur og friluftsliv kan du feriere hos oss lenge uten å kjede deg. Campingen er eit godt utgangspunkt for aktivitetar knytta direkte til campinplassen og i nærområdet. Det er fint å rusle langsmed vatnet og plukke markjordbær, ta ein tur på vatnet med ein av båtane våre og sjå om du får fisk, – eller du kan bestige ein eller fleire av dei mange fjelltoppane vi er omkransa av. Turkart og gode tips får du i resepsjonen.

Det er også eit stort utvalg organiserte turar og aktivitetar med guide i området. Alt frå brevandring, kajakkpadling, RIB turar og klatring.

Berre 10 minutt unna ligg Briksdalsbreen, og vidare er det fint å ta seg dagsturar til både Olden, Loen, Stryn, Nordfjordeid, Måløy, Geiranger, Jølster og Førde – for shopping, opplevingar og Nordvestlandet på sitt vakraste.

Velkomne til gode feriedagar her hjå oss!

Gryta Camping er ein av dei utvalde kvalitets-campingplassane som er med i samarbeidet NorwayCamping.no Målet er å samle gode campingplassar for ein vellukka rundtur i Noreg for deg som turist.