Hytter

131-img33281555x1037c903Vi har fem fine raudmåla hytter med torvtak til utleige. Desse er bygde i nyare tid, og har soleis god standard. All hyttene har uteplass, og samtlege høver godt både for korte og lengre opphald. Alle hyttene har dyner og puter, og dynetrekk kan du leige for 50 Kr pr sett. Du kan også velge om du vil vaske hytta sjølv, eller om vi skal gjere jobben for deg for 100 Kr.

Som hyttegjest har du også høve til å bestille frukost. Denne blir servert i kafèen kvar morgon frå kl 08.00 til siste gjesten har ete ferdig. Det er ferie – so vi har god tid.

Hytte 1, 2, og 3:
Stove, fullt utstyrt kjøkenkrok med spisebord, soverom med 3 enkeltsengar og 1 dobbelseng.

Hytte 4 og 5:
Stove, fullt utstyrt kjøkenkrok med spisebord, soverom med 2 dobbelsenger og 2 enkelsenger, dusj og WC.

Legg att eit svar