Kafè

I hovudbygningen har vi ein koseleg kafè, som er open frå 08.00 om morgonen til 22.00 om kvelden. Skulle det komme ein regnveirsdag eller to, så kan det vere ekstra godt å trekke innanhus for å få varmen i seg og tørke seg litt – eller når sola varmar som verst, då kan det vere godt å trekke inn i skuggen. Her har vi Ludo, Yatzy og andre spel for den som treng tidtrøyte, og her er også trådlaust nettverk for den som treng det. Det er mange som sender «reisebrev» heimatt, både via e- post og anna post, skrivne ved eit bord her.

Vi har enkel servering, med svart kaffi, te, vafler, og kaker – sjølvsagt heimelaga. Noko godt å bite i attåt kaffien.

Vi serverar også frukost – om du har bestilt kvelden før. Ein solid og god frukost til ein rimeleg pris – ein god start på dagen.

I kafèen er der også ein diger TV for dei som vil få med seg siste nytt – noko som er svært så populært under fotball- VM, OL, Tour de France og liknande.

Legg att eit svar