Om Gryta

Frå geiter til turistar

Gryta Camping var opprinneleg ein geitegard som har vore i familien vår i mange generasjonar. Dagfinn Gytri planerte området med eiga gravemaskin, og har vore byggherre for hyttene og hovudbygningen på campingen. Dagfinn har drive campingen i nesten 30 år, før dottera Linda Gytri tok over drifta i 2021. Linda er utdanna folkemusikar med trekkspel som hovudinstrumet. Ho har gjeve ut platene Umbra og Audire, samt illustrert barnesongboka Nå skal eg sulle.


Campingen opna offisielt i 1993, og vart i 1996 heidra med tittelen «Årets Campingplass» av Norsk Caravan Club. I 1999 vart dei tre første hyttene tekne i bruk, og nokre år seinare vart det bygt to hytter til.


Etter kvart som åra gjekk vart det fleire turistar og ferre geiter, men vi har framleis nokre geiter som faste sommargjester kvart år. Geitene er ein viktig del av vår historie, både for garden og Oldedalen som landbruksbygd, og får difor pryde vår logo med litt flower power attåt.


Vi vonar du vil trivast hjå oss.


Hjerteleg velkomne!

Oldedalen

Frå Norskehavet sør om Stad strekkjer Nordfjorden seg inn i landet og deler seg i tre greiner inst under brefjella i Jotunheimen. Oldedalen som strekkjer seg 20 km innover i fjellheimen, er ei forlenging av den sørlegaste av desse fjordarmane.


Omkransa av stupbratte fjellsider, kvite fossefall og glitrande isbrear, blinkar det langstrakte Oldevatnet i dalbotnen og speglar av ein natur som av mange er omtalt som Noregs vakraste.
Den djupe grøne fargen på vatnet kjem frå brevatnet og mikropartiklar som isen har brote opp som finns i vatnet.

Oldedalsvegen er ei oppleving i seg sjølv. Du passerar fleire fantastiske fossefall og brearmar av Jostedalsbreen, mellom anna Brenndalsbreen og Melkevollbreen.


Overklasseturistar, særleg frå England, fann tidleg vegen til Olden, lokka av laksefiske så vel som den vakre naturen. Alt på 1800-talet la turistskipa seg i fjorden og frakta sitt staslege reisefylgje til lands og inn til det store trekkplasteret Briksdalsbreen.


Bøndene i Oldedalen gjekk saman og danna eit skysslag som bygde hest og kjerrevegen frå Briksdal opp til Kleivane der vegen endar.


I byrjinga kom turistane med båt oppover Oldevatnet og vart henta med hest og kjerre ved enden av vatnet. Seinare vart det vanleg å frakte turistane heilt til gards med bil og buss. Seint på 90-talet var det nesten 40 hestar i sving som frakta turistar dagleg opp til Kleivane. I 2005 vart hestane bytt ut med trollbilar som no frakta turistane den same vegen.

Share by: