Historie

Gryta Camping

Gryta Camping ligg på det som tidlegare var utmark på geitegarden på Gytri. I mange år var her ei enkel hytte som vart teken av nyttårsorkanen i 1991. Arbeiet med planering av campingen var då allereie igang. Dagfinn Gytri som er innehavar og tidlegare anleggssjåfør  planerte området med eiga maskin.

I 1993 åpna campingen offisielt, og i 1996 vart vi heidra med tittelen «Årets Campingplass» av Norsk Caravan Club. I starten var det ein rein bubil og telt camping, men i 1999 vart dei 3 første hyttene tekne i bruk. Nokre år seinare vart det byggt 2 hytter til på same lest, men dei var litt lengre for å gje plass til dusj og toalett

Du vil kanskje føle at du er høgt til fells hos oss, men Oldevatnet er kun 33 meter over havet. På dagtid kan det bli varmt på ein fin dag, men når sola forsvinn bak felltoppane blir det straks svalare ettersom dei mange breane og elvane effektivt kjøler ned temperaturen.
Det er oftast heilt vindstille hos oss, men aldri stille. Suset av elvane er naturens evige melodi.

Oldedalen

Frå Norskehavet sør om Stad strekkjer Nordfjorden seg inn i landet og deler seg i tre greiner inst under brefjella i Jotunheimen. Oldedalen som strekkjer seg 20 km innover i fjellheimen, er ei forlenging av den sørlegaste av desse fjordarmane.

Omkransa av stupbratte fjellsider, kvite fossefall og glitrande isbrear, blinkar det langstrakte Oldevatnet i dalbotnen og speglar av ein natur som av mange er omtalt som Noregs vakraste.
Den djupe grøne fargen på vatnet kjem frå brevatnet og micropartiklar som isen har brote opp som finns i vatnet.

Vegen hit inn er ei oppleving i seg sjølv; du passerar fleire fantastiske fossefall og brearmar av Jostedalsbreen, mellom anna Brenndalsbreen, og Melkevollbreen som ligg til endes for øvste Oldevatnet.

Overklasseturistar, særleg frå England, fann tidleg vegen til Olden, lokka av laksefiske såvel som den vakre naturen. Alt på 1800-talet la dei vakre turistskipa seg i fjorden og frakta sitt celebre reisefylgje til lands, og inn til det store trekkplasteret: Briksdalsbreen inst i tverrdalen Briksdalen.

Bøndene i Oldedalen gjekk saman og danna eit skysslag som bygde hest og kjerrevegen frå Briksdal opp til Kleivane der vegen endar. Utifrå kor mykje arbeid dei ulike gardane investerte i vegen fekk dei tildelt skyssrettar. Mange gardar i bygda hadde fleire skyssrettar og 3 hestar i skyssen var ikke uvanleg pr. gard.

I byrjinga kom turistane med båt oppover Oldevatnet og vart henta med hest og kjerre ved enden av Oldevatnet, men seinare vart det vanleg å frakte turistane heilt til gards med bil og buss. Seint på 90-talet var det nesten 40 hestar i sving som frakta turistar dagleg opp til Kleivane, men samtidig med at turisttrafikken auka, auka også ulukkene.
I 2005 vart hestane utbytte med tryggare og effektive trollbilar som no frakta turistane den same vegen.