Aktivitetar

På Campingplassen:

Båt, Bad og Fiske

Vi har fleire robåtar, kajakker og trøbåt som er til gratis utlån for alle våre gjester. Det er fint med ein liten tur ut på vatnet – både om du vil freiste fiskelukka eller berre ta ein roleg sightseeing. Redningsvestar er ved lov påbode å bruke for både vaksne og ungar. Desse er også til gratis utlån ved henvendelse i resepsjonen.

Hugs at Oldevatnet er eit brevatn og er veldig kaldt sjølv midt på sommaren. Vi tilrår difor ikkje å bade i frå båt, spesielt ikkje einsam. Ein kjapp dukkert inne ved fjæresteinane kan derimot være veldig forfriskande på ein varm sommarsdag.

Fiskekort

For å fiske i Oldevatnet treng du fiskekort. Desse får du kjøpt i resepsjonen. Lokalkjende som vi er kan vi også gje deg nokre gode tips om dei beste fiskeplassane.

Geiter

Vi som driv Gryta Camping er opprinneleg geitebønder, so difor har geitene fått sin naturlege plass på campingen også. Her er to svært sosiale geitebukkar som har sitt eige område – og nokon hevdar at dei til og med pratar både engelsk, tysk, kinesisk og elles all verdas språk

Leikeplass

Leikeplassen ligg rett ved resepsjonen, og har blant anna vippe, huskestativ, sandkasse, trampoline – og eigen liten traktor! Her får ungane boltre seg fritt.

Sport

Vi har ei volleyball- grasbane, som fint også kan brukast som badminton- net eller liknande. Om du ikkje har med eigen volleyball, får du låne dette i resepsjonen.

Fjellturar

Direkte frå campingplassen byrjar stien opp i Gytridalen til Storesteinen der dei 2 elvane møtest som saman danner elva mellom campingplassane. Dette er ein fin familietur med medium vanskelighetsgrad, men ved eit område er det bratt og høgt ned mot elva.

Jonsokfeiring

Den 23. juni feirer vi jonsok, eller Sankt Hans, i Norge.
Tradisjonen er då å brenne bål og grille. Før i tida var det også vanleg med Brudeferd i bygda, men no til dags bruker vi å feire med bål, grilling og levande musikk her på campingplassen.

Aktivitetar i nærområdet

Briksdalsbreen

Dei fleste som besøker oss kjem for å sjå den vakre Briksdalen og Briksdalsbreen slik turister har gjort i snart 200 år her i Oldedalen.

Briksdal ligg 10 km frå Gryta Camping i enden av dalen. Her finn du Cafè og Restaurang, souvenirbutikk og trollbiler som kan frakte deg nesten heile vegen opp til Breen. Dei siste 500 meterane må du gå.

På vegen opp til breen vandrer du gjennom ein mektig natur, omkransa av høge fjell og fossefall.

Briksdalsbre.no

Organisert brevandring, Kajakkpadling eller RIB turar

Briksdal Adventure organiserar ulike aktivitetar med guide i området, alt frå Brevandring, Kajakkpadling og RIB turar til tur med seglbåt som dei også leiger ut til erfarne kapteinar.
https://www.outdooradventures.no/#Activities

Loen

I Loen, kun 20 minutt med bil frå Gryta Camping finn du aktivitetar både for dei spreke og aktive, – og for dei som er litt meir bedagelige.

Skålatårnet

Ei kjend og populær turrute er Skålatårnet på 1843 meter over havet. Turen anbefales for erfarne fjellfolk med god kondisjon og turen er beregna å ta ca. 8 timar.

https://www.nordfjord.no/sjaa-og-gjere/tursok/skala-p914423

Via Ferrata

Via Ferrata er eit luftig eventyr for erfarne og spreke fjellfolk der store delar av turen består av klatring. Turen anbefalast med guide og riktig utstyr er obligatorisk av sikkerheitsmessige grunner.
Retur til Loen kan skje på grussti eller med gondolbana frå Hoven.


http://www.loenactive.no/aktivitetar/sample-page

Hoven

For dei meir bedagelige av oss er gondolbana Loen Skylift fra Hotel Alexandra opp til Hoven ett fantastisk og luftig alternativ for å komme høgt til fjells og nyte den fantastiske utsikta over fjord og fjell. Samtidig kan du nyte ett bedre måltid med god vin og panoramautsikt på toppen av Hoven.


https://www.loenskylift.no/#intro

Spa og velvære på Hotel Alexandra

På ein regnveirsdag kan det være deilig å slappe av og bli litt bortskjemd på ferien.
Då kan vi anbefale Spa og badeavdelinga på Hotel Alexandra. Kombiner gjerne også med eit godt måltid mat. Førehandsbestilling anbefalast
https://www.alexandra.no/no/bad-spa.aspx

Øvrige Fjellturar

Kontakt oss i resepsjonen for turkart og anbefalingar til mange fine turar i området.
Vi vill etter beste evne hjelpe til å finne turar som passar deg og ditt følge.

Dagsturar

Gryta Camping er eit godt utgangspunkt for både dagsturar og lengre turar. Nokon turistar parkerar til dømes campingvogna her hjå oss, og tek ein biltur og leiger seg hytte ein annan stad før dei så kjem attende til Oldedalen. Med smale vestlandsvegar er dette ei god løysing. Turane går ofte til Briksdalen, Lodalen, Singerheimen, Nasjonalparksenteret i Oppstryn, Anders Svor Museet i Hornindal, Eikaasgalleriet og Astruptunet i Jølster, Måløy, Kråkenes Fyr, Geiranger, Trollstigen, Runde og fleire med.

Her finn du lenkjer til nokre av turmåla:

Kjenndalsbreen og Kjenndalsstova (40 min) www.kjenndalstova.no

Jostedalsbreen Nasjonalparksenter, Oppstryn (40 min): www.jostedalsbre.no/

Eikaasgalleriet, Jølster ( 1,5 time): www.eikaasgalleriet.no/

Astruptunet, Jølster (1, 5 time): www.astruptunet.com/

Vågsøy (2 – 2,5 timar):
Der Nordfjorden møter havet finn du fiskerbyen Måløy på øya Vågsøy. Her er museum med spennande historie frå 2.verdenskrig der det kjende slaget Måløyraidet gjekk til. https://maloyraidsenteret.no
Med Kråkenes Fyr  www.krakenesfyr.no/   Kannesteinen og Refviksanden som flotte attraksjonar.

Geiranger (ca 2 – 3- timar): www.geiranger.no

Surfing på Ervika (2,5 timar) /www.visitnorway.no/listings/surfing-på-stadlandet/158694/

Vestkapp (ca 2,5 timar): /www.visitnorway.no/listings/vestkapp/16401/

Generellt om Nordfjord: www.nordfjord.no

Matservering

På Gryta Camping har vi eit lite kjøken for sjølvbetjening og ved strandkanten ved elva har vi eit grillområde til fritt bruk. I tørre periodar kan det være lokale grillforbod. Vi forsøker å informere om dette. I resepsjonen er det mulig å kjøpe enkelte basisvarer som egg, melk osv.

Vi anbefalar følgande serveringsstader for deg som ønskjer å nyte eit ferdig måltid.

Briksdalsbre Fjellstove (10 min med bil frå Gryta)
https://www.briksdalsbre.no/restaurant
Briksdal har enkel a la carte meny med opningstider frå ca. klokka 12 til klokka 20

Mølla Gjestehus (15 min med bil frå Gryta)
https://www.outdooradventures.no/#Food
Mølla Gestehus ligg ved cruiseskip kaia i Olden. Opningstidene kan variere etter sesong, men midtsommers vert det servert mat utover kvelden.

Yris Kafè i Olden (15 min med bil frå Gryta)
http://yris.no
Enkel og rimeleg kafeteria som ligg i Olden Sentrum like ved den gamle kyrkja

Hotel Alexandra (20 min med bil frå Gryta)
https://www.alexandra.no/no/restaurant.aspx
Hotel Alexandra er det store og velkjende turisthotellet i området med flott Spa avdeling og fine dining. Ett luksuriøst alternativ for deg som vil unne deg litt ekstra.

Hoven (20 min med bil frå Gryta + 5 minutt med Loen Skylift)
Hoven er fjellet like ovanfor Hotel Alexandra i Loen. For å kome hit må du anten gå Via Ferrata eller ta gondolbana Loen Skylift. Her er det ikkje bare fine dining utan ei luftig oppleving med panoramautsikt!
https://www.loenskylift.no/restaurant

I Stryn finns det fleire serveringsstadar (30 min med bil frå Gryta)