
Campingplassen er planert i ulike platå, så ein står på stø grunn når ein campar her - og kan nyte den herlege utsikta 360 grader.
Med ein topp- kapasitet på 80 einingar, er det ein romsleg campingplass - og du som gjest får sjølv velge deg akkurat den plassen du vil ha. Sidan campingen er sopass stor høver den ekstra godt dersom ein er fleire som reiser i flokk - det går fint å ordne seg sin eigen leir saman med dei ein reiser med.
Her er 75 punkt for straum, og vi har også skøyteledningar til låns dersom det skulle trengast.









