Aktivitetar på campingen

Aktivitetar på campingen

Gratis båt og bading

Gratis sitontop kajakker, kano, trøbåt og båtar til utlån for alle våre gjester. Redningsvest er påbudt, og redningsvestar og padleårer får du ved resepsjonen.


Båthavna er også ein ynda plass for bading - vi garanterar ei forfriskande oppleving!

Fiske og bålpanner

Fiske i Oldevatnet er alltid spennande, og ved elva på campingen er det ein populær og god fiskeplass. Det er for det mest ørret og røye som bit på. Skitt fiske!


Rett ved elva har vi plassert fleire bålpanner. Nysteikt og sjølvfiska middag ved elva anbefalst!



Geiter

Midt på campingen finn du eit par sosiale geiter som likar å slå av ein prat. Dei snakkar vist nok alle verdas språk!


Gryta camping er bygt på det som opprinneleg har vore ein geitegard i mange generasjonar i vår familie, så geitene har ein naturleg plass hjå oss.

Kiosk og opphaldsrom

I resepsjonen kan du bestille ferske brød og rundstykker. Bestill kvelden før, så har vi dei klare til neste morgon. I tillegg har vi is, brus, kaffi og basisvarer. Er det noko anna du manglar, så hjelpe vi deg så godt vi kan.


Ved resepsjonen finn du også eit koseleg opphaldsrom med god sofa, TV, diverse brettspel og eigen bokbyttekrok. Hjerteleg velkomne!

Share by: