Camping med kvilepuls
Camping er open frå 1. mai til 1. oktober.
Inkludert i prisen er gratis utlån av sitontop kajakker, kano, trøbåt og båtar. Fint fellesområde ved elva med bålpanner og fiskeplass. Sauna og isbading. Opphaldsrom ved resepsjonen med TV, brettspel og bokbyttekrok. Kiosk med is, brus, kaffi og basisvarer. Nysteikte brød og rundstykker kvar morgon. Kjøken, vaskerom, toalett, dusj og handicap toalett med stellebord i hovudbygningen. Wifi, tømmestasjon for toalett og gråvatn, samt påfyll drikkevatn er også inkludert.
Vi har 100 nummererte oppstillingsplassar for bubil, campingvogn og telt. Alle desse plassane er romslege og minimum 8,4 m breide. Maks breidde for telt, bubil og campingvogn med markise er 4,4 m, slik at vi held 4 m til naboen. Alle dei nummererte plassane har straum, ogi tillegg har vi eit stort ope område G med god plass til telt og bil utan straum. Vi har også 4 flotte plassar tilrettelagt for hengekøyer ved elva og vatnet.
Vi gjev 10% rabatt til medlem av NBCC og Norsk Bobilforening, og har makspris på 27 Euro til gjester med ACSI- kort frå 1. mai til 15. juni og 19. august til 30. september. Gyldig medlemsbevis må visast fram ved ankomst.
Hjerteleg velkomne!
| Camping direkte ved vatnet inkludert straum | Inkl. 2 personar | 490 kr |
|---|---|---|
| Camping nummerert plass | inkl. 2 personar | 440 kr |
| Straum | 50 kr | |
| Område G drop in | Inkl. 2 personar | 340 kr |
| Ekstra telt G område | 150 kr | |
| Pr ekstra vaksen | 50 kr | |
| Born under 18 år | Gratis |
