Attraksjonar i nærleiken

Attraksjonar i nærleiken

Briksdalsbreen

Briksdalen ligg 10 km frå Gryta Camping. Her finn du kafè, souvenirbutikk og trollbilar som kan frakte deg nesten heile vegen opp til breen.


På vegen opp til breen vandrar du gjennom ein mektig natur, omkransa av høge fjell og fossefall.

Briksdal Adventure

Briksdal Adventure organiserar ulike aktivitetar med guide i området, brevandring, kajakkpadling, RIB- turar og tur med seglbåt.

Skålatårnet

Berre 20 minutt med bil frå Gryta camping finn du Loen. Ei kjend og populær turrute i Loen er Skålatårnet på 1843 meter over havet. Turen høver best for erfarne fjellfolk og turen er berekna å ta omlag 8 timar.

Via Ferrata

Via Ferrata er eit luftig eventyr for erfarne og spreke fjellfolk, der store delar av turen består av klatring. Turen anbefalast med guide. Riktig utstyr er obligatorisk for god trykkleik.


Retur til Loen kan skje på grussti eller med gondolbana frå Hoven.

Loen Skylift

For dei meir bedagelige av oss er gondolbana Loen Skylift eit fantastisk og luftig alternativ for å komme høgt til fjells og nyte den fantastiske utsikta.


På toppen kan du nyte eit betre måltid med god vin og panoramautsikt, og solnedgongane er ekstra nydelege her.

Spa og velvære

På ein regnveirsdag kan det være deilig å slappe av og bli litt bortskjemd i ferien.
Vi anbefaler Spa og badeavdelinga på Hotel Alexandra.


Kombiner gjerne med eit godt måltid mat. Førehandsbestilling anbefalast.

Share by: